Den første av tre arrangementsdagar på Malakoff rockefestival blei haldt i går, og det er framleis mykje spennande i vente.

I går blei scenene på Nordfjordeid innteke av namn som Honningbarna, Unge Ferrari og Gåte. Dei neste dagane vil ein kunne sjå Jackbow, Gabrielle, Ghost, Oselie og mange fleire spennande artistar opptre for eit stort publikum på Malakoff.

Leverte: Unge Ferrari leverte på Malakoff, og Hamar-artisten gledde også fleire fans med å stille opp på selfie på veg frå scena torsdag kveld. Foto: Gunnhild Sindre

I tillegg til desse vil også Stryn bli representert laurdag kveld, når Jon-Fredrik "Joffen" Hopland tek med seg Lemaitre på scena. Her er med andre ord mykje å sjå fram til på Rockefestivalen dei komande dagane.

Jobb: Max Gausen frå Stryn var ein av mange som var på dugnadsjobb for Røde Kors under Malakoff Rock Festival. Foto: Gunnhild Sindre

For å kunne gjennomføre eit slikt stor arrangement trengst der mange frivillige, og Gunn Guddal, som er administrasjonssjef for festivalen, fortel at der er rundt 1.000 frivillige som hjelp til. Ein av desse er Max Gausen frå Stryn, som gjennom helga er på dugnadsjobb for Raude Kors.