Briksdalsbreen lokkar mengder av turistar kvart år, men professor Atle Nesje er uroa for at attraksjonen kan verte endå mindre om ikkje vêrlaget blir meir bre-venleg.

Milde vintrar med mykje nedbør og kjølege somrar kan vere resepten som skal til for å stoppe bresmeltinga. I 2014/2015 hadde Vestlandet sist denne vêrkombinasjonen, medan det sidan årtusenskiftet elles har vore meir vanleg med varme somrar og vintrar med meir normale nedbørsmengder.

Professor i geologi ved institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, Atle Nesje, fortel at sidan midt på 1700-talet har Briksdalsbreen trekt seg om lag to kilometer tilbake.

Sjå video: Bli med erfaren guide opp til Briksdalsbreen

Fortare enn trudd

– I 1870 var brekanten ved snuplassen for bilane, får vi forklart av Nesje. Han legg til at for berre vel 20 år sidan, i 1996/1997, var brekanten ved utløpet av Briksdalsbre-vatnet.

– Bresmeltinga har gått fortare enn vi trudde for nokre år sidan, seier Nesje. Det er ikkje berre i Norge dette skjer. Over heile verda der isbrear ver vanleg, ser ein at bresmelting akselererar. I Alpane Nord Amerika og New Zealand har vi bretypar ein kan samanlikne med dei vi har her i Norge, og den same tendensen er synbar der.

– Det er spådd at dersom klimatutviklinga held fram, og at det i snitt vert om lag to grader varmare enn i dag, kan breane på sikt forsvinnne, fortel professoren og syner til at ein allereie no kan sjå at somme brearmar har trekt seg fleire hundre meter tilbake og at småbrear og isfonner alt har forsvunne. Nesje fortel at undersøkingar som er utført kring Jostedalsbreen syner at heile Jostedalsbreen var bortsmelta i tida kring 7600 og 6100 år sidan. Dette var i ein periode då den gjennomsnittlege sommartemperaturen i Sør-Norge var om lag to grader høgare enn i normalperioden 1961 - 1990.

Ein kan tydeleg sjå i terrenget og på berget korleis isbreen har sett spor i høve tilbaketrekkinga. Atle Nesje har vore deltaktig i informasjonsarbeidet med skilt i Briksdalen, skilt som fortel historia om Briksdalsbreen og området.

Dumdristige

Dei aller fleste som besøkjer breane tek omsyn til åtvaringar som er godt synlege langs vegen. Likevel er det einskilde som tek farlege sjansar, i tru på at isen er ufarleg.

– Det er mangel på kunnskap om at isen beveger seg. Folk vert fjetra av naturen og somme trur det er oppsette kulisser, fortel professoren som sjølv har opplevd kunnskapsløyse. Ein gong opplevde han sjølv ein tilreisande utlending som i lang tid beundra Volefossen ved Melkevoll Bretun, og som til slutt spurde kva tid det vert tomt der oppe. Nesje måtte diverre skuffe turisten om at det nok aldri vert tomt.

Atle Nesje fortel også om turistar som går tett opp til isbreen og går mellom isblokker som nyleg har losna.

– Dette er noko ein jamt opplever ved Nigardsbreen i Jostedalen, trass i sperringar med god og tydeleg skilting. Dei tek sjansar. Mange er nok ikkje vande med å ferdast i naturen, og har ofte sine eigne førestillingar om naturen. I tillegg veit dei ikkje, eller ignorerer skilting om at breane er i rørsle og kan rase, seier professor Atle Nesje.

Verdien vert redusert

Han mister ikkje nattesøvn med tanke på naturendringar, men seier det er trist dersom breane held fram med å trekkje seg tilbake.

– Om breane minkar meir vert nok verdien redusert for turismen. Det vil vere trist for turismen her i fylket. Men ein tur til Briksdalen og dei andre dalane inn mot Jostedalsbreen vil uansett vere ei fantastisk naturoppleving, meiner Atle Nesje.

Søv godt: Atle Nesje meiner det er trist dersom bresmeltinga held fram i same tempo. Foto: Anne-Mari Aalberg
I fjor: Slik så Briksdalsbreen ut sommaren 2017. For berre vel 20 år sidan gjkk brekanten fram til bergkanten til venstre på biletet og dekte vatnet. Foto: Atle Nesje