For seks år sidan reiste han til USA for å følgje draumen om å bli musikar. I dag tek han med seg Lemaitre for å opptre på Malakoff Rockefestival.

Dette blir første gongen han spelar her i distriktet sidan han reiste til amerika, og berre andre gongen han spelar i Norge. Førre gong var under Bergenfest. Sjølv forsøker han å ha låge forventningar til konsertane han tek del i, for så å bli positivt overraska, men der er liten tvil om at han ser fram til å spele på "heimebane" igjen.

- Dette er ein kjempebra festival, og eg gleda meg mykje til å spele her igjen. Det er mange, både slektningar og vener som kjem for å sjå på, så det gler eg med til, seier «Joffen».

Saman med Lemaitre har han mellom anna vore på turné i Australia og spelt på Coachella, ein av dei største festivalane i USA. Og i kveld er dei klare for konsert på Malakoff.

Du kan lese meir om «Joffen» og Malakoff-festivalen i papiravisa.