Så langt denne sesongen har Stabæk kjempa om plassen i Eliteserien, medan innvikaren Simen Lillevik har kjempa om keeperplassen på førstelaget.

Foreløpig har Lillevik Sayouba Mandé frå Elfenbenskysten føre seg i keeperkøen på Nadderud Stadion, men han føler sjølv at han nærmar seg ein plass på førstelaget.

– No i vinter føler eg at eg hadde ein bra pre-season, og følte at eg var ganske tett på ein førstekeeperplass. Eg har teke mange steg som keeper, seier Lillevik, og legg til at han nyttar den harde konkurransen frå Mandé til å pushe seg sølv til å bli betre.

Drøymer om debut

Så langt denne sesongen har Lillevik spelt ein kamp i cupen for førstelaget, medan han elles får kamptrening gjennom å stå for Stabæk 2 i andredivisjon.

– Eg har eit mål om å debutere i Eliteserien i løpet av sesongen, og eg ønskjer å gjere keeperplassen til min. Det er det neste steget mitt, og eg har håp om at det kan skje no til hausten. Vi har ein treningskamp før Eliteserien byrjar igjen, så då håpar eg at eg kan imponere nok der.

Siktar mot debut: Med ein ny trenar i klubben siktar Simen Lillevik mot å få debutere på det øvste nivået i norsk fotball.

Han fortel også om korleis livet i Stabæk er.

– Det er veldig kjekt. Eg lever jo av å spele fotball akkurat no, men på same tid er det tøft. Det er eit konkurransearbeid og ein må alltid vere på tå hev og pushe seg sjølv for å ta nye steg og forsøke å kome nærare ein start 11’ar. men eg set verkeleg pris på kvardagen eg har.

Alt er mogleg

Lillevik signerte for Stabæk for to år sidan, og har sidan den tid vore på eit lån til Kongsvinger. Han kan sjølv fortelje om svært lærerike år.

– Eg var i Stabæk i seks månader før eg drog til Kongsvinger og OBOS-ligen, der eg fekk med meg bra erfaring og tok nye steg. Eg har utvikla meg både som keeper og ikkje minst som person. Ein blir jo litt moden av å vere i eit slikt miljø, seier han.

Og for unge som drøymer om å bli profesjonelle, så er det liten tvil om at Simen Lillevik er eit godt døme på at det er fullt mogleg, sjølv om ein kjem frå ein liten stad som Innvik. Dersom han skulle få debuten sin i Eliteserien, så vil han ha spelt på alle nivåa i norsk fotball, frå sjettedivisjon til toppen.

– Eg kjem jo frå Innvik, utan profesjonelle trenarar eller keepertrenarar, forutan om pappa som har hjelpt meg mykje, men eg har alltid sagt at eg skal bli fotballspelar. Det einaste som skal til er hardt arbeid, seier Lillevik, som rådar unge spelarar til å bygge fysikk, og terpe på det enkle, grunnlegande ved fotballen, som er små detaljar trenarar på toppnivå set pris på.

Ny trenar

Etter ein tøff start på sesongen ligg Stabæk på 14. plass, noko som har ført til at Henning Berg har blitt tilsett som ny trenar for førstelaget. Lillevik trur ikkje så mykje endrar seg for han med ny trenar, og at han berre må halde fram med å imponere når han får sjansen.

– Henning Berg rakk berre å ta del i rundt tre økter før ferien, så eg har ikkje hatt så mykje kontakt med han endå. Han er ein litt annan type enn Toni Ordinas som var her tidlegare, men kanskje er det akkurat det vi treng no? Med tanke på keeperplassen er det vanskeleg å vite kva Henning tenkjer, men det blir spennande, seier han.

Med Stabæk plassert på ein kvalifiseringsplass så langt denne sesongen vil det bli ein ny kamp mot nedrykk for Bærumsklubben, men Lillevik ser lyst på framtida.

– Eg trur vi kjem til å sanke ein del meir poeng enn vi har gjort så langt, og at det kjem til å gå bra med førstelaget i Eliteserien denne sesongen.