Dette er den 27. utgåva av maratonet langs Hornindalsvatnet.

Her blir arrangert maraton på 42.195 meter, der ein spring til og frå Otterdal. Det blir også arrangert halvmaraton, 10 kiometer og eit minimaraton (4.219,5 meter).

Løypene for maraton, halvmaraton og 10 kilometer går i ei 10 kilometer lang sløyfe langs Hornindalsvatnet, og ein vil passere både publikum og andre deltakarar på vegen.

Løypa for minimaratonet er lagt til sentrum. Alle løpa har målgang på Hornindal Idrettspark.

Med internasjonal deltaking er det gode moglegheiter for å prøve seg mot god motstand. Inge Asbjørn Haugen deltek også. Så langt i sin karriere har han runda 567 maratonløp.

I fjor var det Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Synnylven som gjekk til topps i dameklassa på tida 3.40,46, medan Helge Hafsås frå Olden IL stakk av med sigeren i herreklassa då han blei klokka inn på 2.55,26.