Det seier Stefan Olberg. Profesjonen hans er entomolog og økolog, og han jobbar ved BioFokus, ei stifting som kartlegg biologisk mangfald.

Folk i indre Nordfjord opplever invasjon av flygande angriparar, nemleg veps som er særs innpåslitne. Det verkar som regnbygene den siste tida gjev energi til vepsestanden.

Vi spurde entomolog og økolog, Stefan Olberg, kva som ligg bak vepsesvermane. Han seier det ikkje er noko som kan kallast «vepseår», og at det kan hende det er noko journalistar har funne opp. Olberg forklarar at mengden av veps varierer frå år til år og frå stad til stad.

– Slik variasjon frå år til år har ulike årsaker. Vêret er viktig men også tilgangen på mat gjennom sommaren, noko som delvis er styrt av vêret, forklarar Olberg. Talet på dronningar som overlevde førre vinter er og ein faktor som avgjer mengda. At det kryr av veps no, skuldast truleg arbeidslause arbeidsveps som er ute etter å gjere ugagn.

Bolet er eingongsbustad

Ifølgje Stefan Olberg er vepsesvermar vanleg nærare hausten. Då døyr vepsesamfunnet ut og strukturen går i oppløysing. Nye dronningar overlever men arbeidsveps døyr, seier Olberg.

– Arbeidsveps flyg rundt og gjer ugagn. I år har det vore god sommar og varme lengre enn normalt. Vepsane likar ikkje for tørt og for varmt vêr, men har godt av fukt, forklarar Olberg. Han seier ulikt vêr gjer vepsane anten slappe eller irriterande aktive.

– Vepsebolet er eingongbustad og vert forlate etter sesongen. Det varer berre eitt år og vert ikkje brukt ein gong til.

Det er ikkje enkelt å bli kvitt vepsesvermar om ein ikkje finn vepsebolet. Det beste er å finne bol tidleg på året og fjerne dei.

– Når hausten kjem er det for seint, seier Stefan Olberg. Då er samfunnet i bolet likevel avslutta og i oppløysing.

–Nei det er ikkje ulovleg å drepe veps, men veps er også viktig for det biologiske mangfaldet. Dei et larvar og held skadelege artar nede, forklarar Olberg. Det er berre nokre få artar av sommarfugl, biller og augestikkarar som er freda i Norge.

Det finst mange vepseartar og det er skilnad på levemåte for artane. Det finst jordveps som lagar bol i jorda og andre artar som byggjer bol på loft, under tak eller fritthengjande under tregreiner.

Råd for vepsekontroll

Det finst mange gode råd for å fjerne irriterande veps. Her er eit knippe av dei. Ulike butikkar sel flugefangarar som heng frå taket, eller andre typar. Ein kan lage feller sjølv av saker som finst i ein heim. Til dømes ved å fylle syltetøyglas med tjukk bærsaft og lage hol i lokket. Vepsen vert lokka inn og har problem med å kome seg ut. Eit triks er å dele ei stor brusflaske og snu øvste del ned i underdel som er fylt med saft. Eit fat med gjærsørpe er også effektivt. Bland ein pakke fersk gjær, ca ½ liter lunka vatn og 2 dl sukker. Rør til gjæra er oppløyst og ha i djup skål. Ifølgje entomolog/økolog Stefan Olberg er det smart å ha eitpar dropar såpe i saftblandinga eller gjærblandinga for å bryte filmen på væska. Då klarer ikkje vepsen å halde seg oppå væska, men hamnar nedi og druknar.

Vepsefelle: Ei blanding av sukker, gjær og vatn er effektiv vepsefelle. Foto: Anne-Mari Aalberg