Via Ferrata i Loen har investert to millionar kroner i to nye og spektakulære «rutetilbod» med vanskegrad F på Hovenfjellet. Leiar i Loen Active, Erik Brendefur, vonar at dei resterande tilboda kan bli opna i løpet av august.

– Den nye F-ruta, Tors Hammar, vart teke i bruk i sommar. Dette er truleg Norges vanskelegaste Via Ferrata-rute og er berre for spesielt interesserte, seier han.

Nøgd Dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur, har all grunn til å vere nøgd med årets sesong så langt. Foto: Ove Sveen

Opnar ny F-rute vestover

Den komande F-ruta, som vil gå vestover mot skyliften og opp, er venta å vere ferdig innan utgangen av august. Kva namnet på løypa skal bli, kan vere opp til deg.

– Dei som går den nye ruta får høve til å kome med namneforslag til oss, seier Brendefur som har stor tru på klatreruta som vil gå delvis parallelt under pendelbana til topps på Hoven.

Den krevjande F-ruta er berre for spesielt interesserte, men fleire har testa denne ruta i sommar. Foto: Loen Active

– Klatrarane på denne ruta vil få ein rå opplevelse med tilskodarar i gondolane. Med dette blir vi enda råaere og kan tilby eit komplett Via Ferrata-tilbod, fastslår Brendefur.

Men det stoppar ikkje der. I tillegg blir det to nye ziplines i øvste del av Gjølmunne. Ein zipline på heile 135 meter og ein på 100 meter. Sistnemnde vil spenne seg 150 meter over bakken.

– Mykje skal godkjennast før vi kan opne desse, men vi skal opne dei i løpet av hausten, seier Brendefur.

Trur på ny besøksrekord i 2018

Via Ferrata i Loen kunne vise til besøksrekord i 2017 etter oppstart i 2012.

– I fjor hadde vi 5.100 gjestar som hadde med seg guide. 3.200 gjestar leigde utstyr. I tillegg er det om lag 4.000 personar som nytta Via Ferrata utanom. Med 15.000 gjestar var det tidenes sesong for oss.

Du får utfordra høgdeskrekken om du har slikt. Foto: Ronny Baade

På eitt år hadde vi ein auke på 70 prosent av gjestar som tok med seg guide, seier Brendefur som har all grunn til å tru på ny besøksrekord i år.

– Absolutt. Vi har 300 fleire besøkande i år enn på same tid i fjor, så det luktar ny rekord for oss. Det er stor aktivitet og aukande turisme i heile Nordfjord og Stryn og Loen spesielt. Vi merkar det sjølvsagt godt på besøkstala at Loen Skylift er i full drift, poengterer han.

Bratte tilbod: Via Ferrata i Loen vil få det dei kallar eit komplett tilbod innan få veker. Foto: Loen Active

Via Ferrata reknar sesongen frå 1. mai til 1. november.