Det er ikkje med kven som helst dei tevlar, skal ein vite. Festivalen er ei mønstring av dei likaste utøvarane i solospel, lagspel, gruppespel, lagdans og pardans. Dei to spelte lokale slåttar, og i juniorklassen fele deltok sju talent. Arne brynte seg mot 12 andre, denne gongen på hardingfele. Åsmund Farstad (16) frå Volda øver med Fjelljom så ofte han kan.

Nordfjord markerte seg

Flott spel og dans: Denne gjengen i Spelemannslaget Fjelljom kan sjå tilbake på ein vellukka Landsfestival i Skjåk. 22 i spelemannslaget er nesten rekord. Ti danseglade dansarar synte att på dansegolvet heile helga.

Eid, Hornindal og Fjelljom deltok i lagspel, Nordbygda og Honndalsmusikken i gruppespel. Fjelljom sine ti dansepar vart nr. 7 av 13 lag. To par deltok også i pardans. Antonia Karete Haugen Kongsvik deltok i solo fele. Fjelljom fekk svært mange positive kommentarar etter dei var ferdige med sine to nummer, og mange var undrande over at dei ikkje kom endå høgare på resultatlista. Nr. 9 av 19 lag er likevel godt.

Tradisjonsspel: Hornindal spelemannslag deltok i lagspelklassen. F.v. Synnøve Hjellbakk Hole, Kristine Lødemel, Marthe Brendefur, Britt Pernille Frøholm, Gunn Gausemel. Bak f.v. Torunn Raftevold Rue, Oddmund Espe, Gunnhild Sindre, Anders Hjellbakk, Kåre Ottar Tvinnereim, Oddgeir Tomasgard, Nils Haugen, Svein Hjellbakk, Knut Jarle Kroken og Svein Nesje.

Meisterkonserten søndag er alltid høgdepunktet i tevlinga. For ei musikk- og danseglede!

redaksjon@fjordingen.no