Fylkesleiarane i Bondelaget og i Bonde- og Småbrukarlaget i Møre og Romsdal har gått ut med klar oppmoding til bøndene i Møre og Romsdal om å gjødsle for å ta ein tredje slått på eigna areal. I følgje ei pressemelding omtalt i Sunnmørsposten meiner landbruksorganisasjonane i nabofylket vårt at mange bønder på denne måten kan bidra i tørkekrisa og hjelpe bønder som er langt hardare råka.

Veromslaget dei siste par vekene med meir nedbør og kjøligare temperatur har sett fart på grasveksten på Nordvestlandet. Mange stader er det rapportert om god andre slått, i stor kontrast til førsteslåtten som var sterkt redusert i høve normalen.

Med utsikt til meir ordinært veslandsver i tida som kjem, kan den totale grasproduksjonen likevel bli god. Difor går oppmodinga frå Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget i Møre og Romsdal ut på å gjødsle og satse på ein tredje slått, samt og hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra.

Dette er ei god oppmoding som fleire gardbrukarar også i Sogn og Fjordane bør kunne henge seg på. På Austlandet er situasjonen kritisk for svært mange gardbrukarar. Utan nedbør av betydning i tre månader har mange bønder berre brunsvidde åkrar å sjå på. Kornåkrar er for lengst slått for å gje naudsynt fôr til dyra i staden for å bli levert til kornmølla. Fleire stader er bøndene godt i gang med å importere fôr frå utlandet.

Denne importen medfører stor risiko for å få uønskte planteartar og dyresjukdomar inn til landet. Bønder på Nordvestlandet som kan kome ut med eit overskot på gras i høve eige behov, bør som god kollegahjelp tilby fôr til bøndene på austsida av fjellet. Både for å unngå nedslakting av dyr og for å redusere omfanget av risikabel fôrimport. Nabohjelp i form av sal av fôr over fjellet kan vere eit viktig bidrag for den totale matproduksjonen i landet.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør