I desse Landsskyttarstemne-tider, så er skyting meir aktuelt enn tidlegare, men det er ikkje alle som har like god kontroll på kva reglar som gjeld og korleis slike konkurransar blir avgjort. Målet er naturlegvis å skyte så godt som mogleg, men det er berre kortversjonen. Her er ein rask innføring i kva som skjer på Landsskyttarstemnet.

Klassane

Landsskyttarstemnet har vore arrangert sidan 1893, og det blir konkurrert med rifle i fleire disiplinar og i alle klasser frå ungdom til veteran. Og klassane på dette stemnet er mange:

Menn og kvinner skyt i same klasse, det er altså ingen kjønnsinndeling. I seniorklassen blir ein delt i fem: Klasse 1, 2, 3, 4 og 5. I tillegg til desse klassane har ein også open klasse og nybyrjar vaksen. Klassane (1-5) er delt inn utifrå nivået på skyttarane. Klasse 1 er det lågaste nivået, medan klasse 5 er det høgste. Alle som skyt i seniorklassen skyt på 200 meter.

I ungdomsklassen blir dei delt inn i fire ulike klasser, utifrå alder. Det er rekrutt (11-13 år), eldre rekrutt (14-15 år), junior (16-17 år) og eldre junior (18 år).

Veteranklassen er igjen delt inn i tre klassar: V55 (55-64 år), V65 (65-72 år) og V73 (73 år og eldre).

Baneskyting

Der er også fleire ulike konkurransar under Landsskyttarstemnet. Dei konkurransane som er individuelle er baneskyting, feltskyting, Stang-skyting og felthurtigskyting.

Vi kan ta føre oss baneskyting først. Her skyt ein først 25 skot på blink, der den maksimale poengsummen ein kan oppnå er 250 poeng. Her blir det først skote tre seriar av fem skot, før ein skyt ein serie på ti. Seniorskyttarane skyt på 200 meter, der tiaren er 10 centimeter stor. Ungdomsklassane, nybyrjar vaksen, V65 og V73 skyt alle på 100 meter, der tiaren er 6 centimeter.

Etter dei innleiande 25 skota blir det skote ti skot liggande i ein finale, for omtrentleg den beste 1/5 av skyttarane. Her kan ein maksimalt oppnå 100 poeng, noko som kan bringe ein samla poengsum til 350.

På baneskyting er det også skilnad på korleis ein skyt, basert på kva klasse ein høyrer til. Dersom ein er i Klasse 3-5, senior, skyt ein fem liggande, fem ståande, fem i kne, etterfølgd av tre ståande, tre i kne og fire liggande. Klasse 1 skyt berre liggande. Slik varierer seriane utifrå kva klasse ein høyrer til.

Feltskyting

Så har ein feltskyting. Då skyt ein først 30 skot innleiande, der ein har seks skot fordelt på fem ulike hald, med ulik vinkel og distanse til figurane det blir skote på. Desse halda er plassert i ein feltløype som skyttarane vandrar gjennom for å skyte.

Den høgste summen ein kan oppnå i feltskyting er 30/30. Dette betyr at ein har 30 treff, og 30 av desse er innartreff. Dei beste går vidare til finalen, der ein tek med seg treffa, ikkje innartreffa, vidare.

I finalen blir der skote 12 skot, der skyttarane har 110 sekund på seg. Den som har flest treff samanlagt vinn konkurransen. Den høgste oppnåelege summen i ein finale er 42/12, då innertreffa i finalen er dei som gjeld. Dersom nokon av dei tre beste endar opp på lik poengsum blir det omskyting.

Stang-skyting og felthurtigskyting

Stang-skyting går kort fortalt ut på å treffe ein figur flest mogleg gongar innan skytetida er over. Ein har 2x25 sekund på seg. Dei 16 beste går vidare til finalen, der dei gjer det same på nytt. Ved poenglikheit blir det omskyting.

Felthurtigskytingsfinalen på Landsskyttarstemnet blir ofte kalla «Texas på Landsskytterstevnet», og går ut på å skyte ned tre blinkar på kortast mogleg tid, frå ulike vinklar og distanser. Dei 16 beste frå innleiande skyting tek seg vidare til finalane, der det er duellskyting. Dermed er det tre utslagsrundar før ein når ein finale.

Kjelde: https://dfsgrasrot.no/norsk-skyttertidende/article/skyting-for-dummies-1529656702