Alt frå barneskuleklassar til pensjonistar har levert eit vidt spekter av fylkesvåpen med alt frå landskap og dyr til symbol og historiske motiv.

– Det er ein fryd å bla gjennom forslaga. Vi er svært glade for engasjementet arbeidet med fylkesvåpenet har skapt, og har tru på at prosessen til slutt vil gi oss eit fylkesvåpen som er samlande, seier fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd i Hordaland fylkeskommune.

Ein folkejury skal 18. august velje ut ti av dei innsende forslaga, mens ein fagjury skal plukke ut ti andre. Deretter blir det opp til innbyggjarane i dei to fylka å stemme fram ein folkefavoritt blant dei 20 kandidatane.

Folkefavoritten skal i neste omgang konkurrere mot 19 finalebidrag i ein designkonkurranse.

Ein fagkomité skal så i siste runde peike ut eit endeleg framlegg til emblem for det nye Vestland fylke før dei folkevalde i dei to fylka gjer det endelege vedtaket.