Fire raske frå Kjøs bru mot Øyebakken

Arkivfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

UP vinka til side fire sjåførar for brot på fartsgrensa under ein kontroll på rv 15 mellom Kjøs bru og Øyebakken torsdag kveld. Alle fire fekk forenkla førelegg. Høgste målte fart i 80-sona var 96 km/t.

UP har og gjennomført ruskontroll i Olden, der ein person er anmeldt, mistenkt for køyring i rusa tilstand. I same kontroll vart ein person anmeldt for køyring utan gyldig førarkort.