Måndag morgon var indre Nordfjord nær ved det som kunne blitt ei katastrofal bussulukke. Møre-ekspressen på veg frå Oslo til Ulsteinvik og med 55 passasjerar om bord køyrde av rv 15 på Dispen i Stryn kommune, trefte kanten på ein stikkveg, hoppa over denne og landa på jordet nedanfor. Landinga var så hard at bussdøra og delar av golvet vart riven bort. Hadde utforkøyringa skjedd 100 meter lenger framme, ville bussen gått utfor ein mykje brattare skråning, med stor fare for å velte.

Uavhengig av årsak til utforkøyringa, er det stor grunn til å stille spørsmål ved kva som skjedde, eller ikkje skjedde etter utforkøyringa. NettBuss meldte utforkøyringa til politiet sin operasjonssentral og sa at det var udramatisk og at ingen var skadde. Dette viser seg i ettertid å vere feil, men operasjonssentralen tok informasjonen for god fisk og let vere å kalle ut lokalt politi. Ute på jordet stod 55 meir eller mindre sjokka passasjerar, i følgje passasjerar sjølv utan å få noko informasjon. Dei hadde vore med på ei brutal oppleving der den store bussen dei sat i trefte kanten på ein stikkveg med stor kraft og var i lufta før bussen landa på jordet nedanfor. Mange av passasjerane forventa at politiet ville kome til staden. Men det skjedde ikkje. I staden vart passasjerane henta av ny buss etter om lag ein time. Minst ein av dei har i ettertid vore til legesjekk for nakkesleng.

Når ein ekspressbuss med 55 passasjerar køyrer av vegen, er det i seg sjølv så alvorleg at politiet bør vere forplikta til å reise ut for å finne årsak til hendinga, samt finne ut om passasjerar likevel kan vere skadde. Ein kan ikkje overlate slike vurderingar til busselskapet åleine. Ved ikkje å kalle ut lokalt politi, har operasjonssentralen gjort etterforskinga av hendinga betydeleg vanskelegare. Lokalt politi tok sjølvstendig ansvar og reiste straks til staden då dei etter å ha sett saka i media og på politilogg var blitt klar over kva som hadde skjedd.

Tilbake sit vi med ein operajonssentral som kl 05.52 måndag morgon, neppe det travlaste tidspunktet på døgnet, viser skremmande dårleg vurderingsevne. Og med det har bidrege til å vanskeleggjere etterforskinga og hindre at busspassasjerar fekk den oppfølging dei burde fått. Den såkalla nærpolitireforma er flagga som reforma der vi skulle få meir politi ute. Hendinga på Dispen tyder på at vi har fått ei fjernpolitireform.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør