I høve Sommarfesten i Hornindal laurdag hadde hundrevis møtt fram for å sjå på debuten av "Ta sjansen" i Hornindalsvatnet. 14 modige deltakarar fann vegen opp på rampa med meir eller mindre sjødyktige og sjølvlaga farkostar.

Vant "Ta sjansen" 10 åringane Evelina Sætren og Iselin Yri Oppheim frå Hornindal var littegrann nervøse før dei sette utfor rampa Foto: Roger Oldeide

10-åringane Evelina Sætren og Iselin Yri Oppheim frå Hornindal stillte med den sjølvlaga båten "Vi går for gull".

Dei to brukte berre 11 sekund til bjølla ute i det kalde vatnet og vann konkurransen.

11 sekund 10 åringane brukte 11 sekund. Det heldt akkurat til siger Foto: Roger Oldeide

- Eg kan ikkje skjønne anna enn at dette må bli ein ny tradisjon under Sommarfesten, seier Linda Tomasgard i Frisklivssentralen i Hornindal som saman med Frivilligsentralen var arrangør av konkurransen.

Ny tradisjon? Mykje publikum kring Ta sjansen-rampa som var henta frå Oppstryn Foto: Roger Oldeide

Meir om Sommarfesten i tysdagsavisa