Det var 12. april 1993, og stor glede på Bruvoll i Olden. Eit barnebarn var fødd, ein gut. Men innan kvelden var omme, var gleda tredobla. Då var det fødd to barnebarn til, også dei gutar. «Bruvoll-trillingane» var klare for aksjon!

Dei er heime på Bruvoll på sommarferie, slik dei har vore i alle år. Dette er den naturlege samlingsstaden for heile slekta.

Fekk dårleg tid!

Annegrete Bruvoll bur i Oslo. Det var ho som fekk ein son på morgonen den 12. april.

Veslesyster Ragnhild Bruvoll, busett på Sandane, hadde tenkt seg til Eid for å besøke systera og den nyfødde.

Men planane måtte endrast i huj og hast, og 10 timar etter at Annegrete hadde fått sin son fødde Ragnhild tvillingar på sentralsjukehuset i Førde.

Annegrete har sin eigen teori om kvifor dei fødde på same dag:

– Ragnhild fekk dårleg tid når eg ringde og fortalde at eg var ferdig, medan ho gjekk der med to, så adrenalinet sette i gang fødselen!

Namneforvikling

«Trillingane» er ikkje berre like gamle og like av utsjånad.

To av dei heiter også nesten det same. Tvillingane heiter Kåre og Ragnor, medan søskenbarnet i Oslo heiter Ragnar. Med andre ord kan det vere duka for namneforvikling no og då.

Namna har dei etter bestefedrene. Bestefar på Bruvoll heitte Rasmus, og dei ville bruke noko på R. Dermed vart det Ragnor og Ragnar.

Dette kan nok vere i overkant forvirrande for enkelte, noko vi vil kome tilbake til litt seinare.

Innsamling til seg sjølve ...

Trioen har tette band til kvarandre, og dei har vore i lag på Bruvoll i alle jule- påske og sommarferiar i heile oppveksten.

Obligatoriske gardsaktivitetar som hopping i høyet og trefelling, teateroppsetjingar for søskenbarna, innhogging av visdomsord på skiferheller, og framskaffing av klingande mynt via salsboder var av dei snille aktivitetane.

Inspirert av ei av søstrene sin innsats for Redd Barna laga dei også ei pengeinnsamling for «Redd trillingane».

Inntektene gjekk til tur ned til «Sjøna» og skillingsbollar.

– Bra omsetjing for André på butikken! seier dei og ler.

Vart litt represaliar!

Å plage dei eldre søskenbarna var ein annan obligatorisk aktivitet for trillingane.

– Ein gong fann vi feite, svarte sniglar som vi la i støvlane til eitt av søskenbarna våre. Ho steig opp i støvlane berrføtt …. Det var ein dårleg plan, ler dei.

– Det vart litt represaliar, for å seie det sånn!

Enkelte ting kan bli travelt når dei er tre. Den natta dei fylte 16 år til dømes, då var det bokstaveleg talt stor trafikk frå Bruvoll i det klokka hadde passert midnatt.

– Då var det hektisk med lærekøyring med to bilar, fortel Annegrete og Ragnhild.

I tur og orden bar det ut på vegen med L på bilen. Ragnar, Kåre, som er eldst av tvillingane, og så Ragnor.

Held tett kontakt

No bur dei på kvar sin stad i landet, men held likevel tett kontakt.

Kåre har teke mastergrad i filmvitskap og har no eit vikariat som kulturhus- og kinosjef i Stryn.

Ragnor bur i Trondheim, studerer til lektor og jobbar som lærar.

Ragnar skal ta master i fysikk, bur i Oslo og jobbar som fengselsbetjent ved sidan av studiane.

Likskapar

At «Bruvoll-trillingane» er like er det ingen tvil om.

– Kva er dei største likskapane?

– Vi er alle ekstremt interessante og vakre! seier Ragnor, noko alle tre i stova øyeblikkeleg er einige om.

Dei to andre nikkar også når han held fram:

– Vi er alle glade i friluftsliv. Og vi er veldig glade i familien!

Ein i elva, to på fjellet

Når det gjeld friluftsliv er det likevel nokre spesielle skilnader.

Kåre er den tolmodige, lidenskaplege sportsfiskaren.

– Og sommaren er det lange stunder av gangen vi ikkje ser han. Då står han i elva, seier Ragnar og Ragnor.

Dei to har på si side ei sterkare dragning mot dei utfordrande fjellturane, gjerne med litt (uplanlagt) klatring, når dei finn seg eigne ruter på nedturen.

Kattanakkjen-Sundsnipa-Skåla for eksempel, det var ei kjekk, «litt lenger økt», seier dei.

Kåre, som har eit snev av høgdeskrekk, takkar bestemt nei til den slags turar. Då held han seg heller i elva.

Drama og forviklingar i Glomma

I fjor var det forresten elva dei trekte til, Ragnor og Ragnar også. Men då landets lengste.

Dei padla rett og slett heile Glomma, frå Glåmos til dei nådde havet ved Fredrikstad. Ein flott tur, om enn med noko innlagt dramatikk.

– Vi kom opp i skikkeleg storm og torevêr, fortel dei.

– Nokon hadde meldt frå om at dei hadde sett oss ute på elva og trudde vi hadde problem, så det rykka ut både brannbåtar, politi og ambulansar. Men vi hadde sjølvsagt full kontroll!

Førarkort-forvirring

Ei mumling frå Kåre tyder på at han trekkjer den siste utsegna, den om «full kontroll», litt i tvil.

Men på land kom dei seg i alle fall, og der vart dei altså møtte av politiet, fortel Ragnar og Ragnor.

– Dei spurde om det var vi som var sakna. «Nei», sa vi, for korleis skulle vi vite det?

Då dei skulle identifisere seg vart det ny forvirring. På det eine førarkortet stod det Ragnor, på det andre Ragnar, begge heitte Bruvoll og begge hadde fødselsdato 12. april 1993. Dét vart i overkant mykje for politibetjenten.

– Han vart ståande med sertifikata våre lenge! ler dei.

Verdsrekord?

Alt i alt var Glomma-turen ei storarta oppleving og svært vellukka.

Men fiskelukka svikta. Dei dorga, hadde tenkt å fiske sin eigen mat undervegs. Det var berre eitt minus: Dei fekk lite fisk. Ingen, faktisk.

– Vi sette sikkert verdsrekord i å dorge utan å få fangst. 500 km utan ein einaste fisk! ler dei.

Og årsaka? Den er dei ikkje i tvil om: Kåre var ikkje med.

Han stod nemleg heime i Oldeelva og drog opp ørret!

Liv Bruvoll vart mormor tre gongar på same dag 12. april 1993. Då kom «trillingane» til verda. Ragnar t.v. på Nordfjord sjukehus, Kåre og Ragnor på sentralsjukehuset i Førde. Foto: Gunnhild Sindre