I natt vil Fv. 60 mellom Kråka og Tyvanestunellen bli stengt grunna vegarbeid.

Vegen blir stengt frå 23 heilt fram til arbeidet er overstått.

- Vi skal grave opp vegen og skifte ut ei stikkrenne, og vegen blir difor stengt medan dette arbeidet pågår. Vi opnar vegen så snart vi er ferdige, seinast klokka 06:00, seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde.

Vegen vil vere stengt for all trafikk, med unntak av utrykkingskøyretøy som får passere.