Sjur Ole Svarstad var henta inn som gjestetrenar og sytte saman med to krinslagstrenarar frå kvart fylke for at dei nær 40 løparane fekk eit godt utbyte av helga.

- At krinslaga kan ha samling saman er ikkje så ofte let seg gjere. I tillegg var også landslinja i skiskyting invitert. Det gjer at vi trenarane også får mulegheita til å utveksle erfaringar, noko som er veldig verdifullt då ein ofte kan bli litt einsame på trenersida, seier Svarstad som til vanleg er trenar ved landslinja i Stryn.

Trenarteamet: Pål Bjørn Øvrebust, Olaug Grut Andersen, Simen Bækken, Jan Erik Westerås og Sjur OleSvarstad.

Det var lagt opp til rulleskiøkter, langtur i fjellet og testløp. Mathias Lilleheim var hyra inn for å leie ei basisøkt.

– Det var ei kjempenyttig økt. Mathias Lilleheim har jobba for Olympiatoppen og med damelaget i langrenn. Vi fekk tips om kva som er viktig å vektlegge i styrketreninga og eg trur utøvarane og trenarane fekk godt utbytte av dette, seier Simen Bækken, som er hovudtrenar for krinslaget her i fylket. Han seier seg svært nøgd med både gjennomføringa av samlinga og treningsfasilitetane ved Ullsheim.

Rulleski: Ullsheim er eit av berre tre skianlegg i fylket som kan skilte med rulleskibane.

– Det er eit kjempeflott anlegg som har alle treningsmulegheiter rett utfor døra. Rulleskiløyper er ein heller ikkje bortskjemde med her i fylket.

Krinslaget har per i dag ingen frå vårt område på laget. Her er det skiskytinga som har høgst prioritet. Men fem-seks av desse deltok på samlinga.