Eit straumsselskap skal ha sagt til potensielle kundar at dei samarbeider med Stryn Energi. – Vi vurderar å melde selskapet til politiet for svindel, seier Steinar Brekke i Stryn Energi.

Elin Aaland (65) fortel at ho fekk ein telefon frå selskapet GNP Energy tysdag førre veke med tilbod om straumabonnement. Då ho sa at ho var kunde hjå Stryn Energi, sa vedkomande at dei samarbeida med Stryn Energi.

– Det var eit forlokkande tilbod med ein gratismånad og billig straum elles, fortel Aaland til Fjordingen.

Ho fortalde vedkomande at ho først måtte høyre med Stryn Energi om det berre var å byte til samarbeidspartnaren.

Marknadssjef i Stryn Energi, Steinar Brekke, kunne fortelje at det var ingen slike samarbeidspartnarar.

«Kristin frå Stryn Energi»

– Så fekk eg ei tekstmelding frå dei der eg skulle bekrefte med eit «ja» for å bli ny abonnent, men den svarde eg ikkje på, fortel ho. Ifølge Aaland ringde det så opp ei dame som introduserte seg som «Kristin frå Stryn Energi» og ho spurde om det var noko eg lurte på sidan eg enno ikkje hadde svart ja på meldinga.

– Då sa eg til ho at dette berre var lureri, så la eg på, fortel Aaland. Ho vil åtvare andre om dei skulle få ein telefon frå dette firmaet.

– Dette er altså så utruleg frekt, seier Aaland.

Vurderar politianmelding

Stryn Energi har meldt saka inn til Distriktsenergi, (tidlegare Defo). Interesseorganisasjonen seier til Fjordingen at dei har oppmoda Forbrukertilsynet om å vurdere sanksjonar mot GNP Energy.

Stryn Energi seier dei vil vurdere å melde firmaet til politiet.

– Slik vi ser dette så er det rein svindel. Diverre er det nokre cowboyar i denne bransjen, seier Steinar Brekke.

– Ser alvorleg på saka

GNP Energy, med base i Sandefjord, seier dei har umiddelbart teke saka vidare til si salsavdeling.

– Kva meiner du om ein slik framgangsmåte?

– Om dette har skjedd så er det svært alvorleg og det vil få konsekvensar for salsavdeling og ansvarleg seljar. Dette er heilt klart ikkje i samsvar med våre retningslinjer. Vi skal opptre ordentleg og etterretteleg, seier manager i GNP Energy, Sigrun Eggen til Fjordingen.

– Slik vi ser dette så er det rein svindel. Diverre er det nokre cowboyar i denne bransjen, seier marknadssjef i Stryn Energi, Steinar Brekke. Foto: Stryn energi