Sidan oppstarten i februar 2016 har Nordfjord Opplæringskontor vakse seg større og større, og inn i det nye skuleåret har dei hjelpt opp mot 100 lærlingar med å få seg lærlingplassar i heile Nordfjord.

Nordfjord Opplæringskontor er eit bindeledd mellom skule og næringsliv. Dei dekkjer 24 ulike lærefag, frå helsefag til polymerkomposittfaget. Berre i området i og rundt Stryn har dei ansvaret for mellom 35 og 40 lærlingar.

Gir hjelp og råd

– Her på opplæringskontoret gjer vi det vi kan for å hjelpe dei som skal bli, eller allereie er lærlingar. Vi dreg til skular og snakkar med elevar der for å finne ut kva dei brenn for, før vi reiser ut i bedrifter og finn rett bedrift for rett lærling, fortel Tom-Øyvind Solheim og Leiv Johnny Endal ved Nordfjord Opplæringskontor.

Dei fortel vidare at dei så har samtalar med lærlingane for å få skreddarsydd ein læreplan for dei før dei skal ut i bedriftene, slik at dei får oppfylt alle krava dei treng for å kunne ta fagbrev. Undervegs i lærlingtida følger dei også lærlingane tett.

Opplæringskontoret: I dag er det Leiv Johnny Endal (t.v.) og Tom-Øyvind Solheim som er fast tilsette ved Nordfjord Opplæringskontor. I løpet av 2019 håpar dei å vere dobbelt så mange.

– Det er ikkje enkelt å bli kasta ut i arbeidslivet når ein er vand med å gå på skule. Dette kan by på nye utfordringar, noko som er grunnen til at vi møter elevane undervegs og snakkar med dei om korleis det går og gir dei råd. Dersom ein lærling ringjer har vi som mål at vi alltid skal kunne kome til dei i løpet av ein og ein halv time. Vi skal alltid vere rett i nærleiken, seier dei.

– Er gull verdt

Tord Bruland er ein av dei som har fått hjelp frå opplæringskontoret. Han fortel at han berre har positive ting å seie om Solheim og Endal sitt arbeid.

– Opplæringskontoret vart i grunnen redninga mi. Eg var veldig skulelei, og så likte eg å arbeide med eldre. Då eg fekk høyre at eg kunne byrje som vaksenlærling tok eg kontakt med opplæringskontoret, så ordna dei alt for meg. Det har gått smertefritt med dei i bresjen, fortel Bruland, som no er lærling ved Vikane Omsorgssenter.

Gjennom opplæringskontoret har han fått lærlingkontrakt og ei tilrettelagt lærlingtid som gjer at han får dekka alle områda som omhandlar helsefagarbeidaryrket. Dette gjer at ingen aspekt ved yrket er ukjent når han skal ut i arbeidslivet seinare.

– Vi får veldig god oppfølging. Eg får ikkje skrytt nok av Noropp (Nordfjord Opplæringskontor journ. anm.). Dersom der er nokon som ikkje veit kva dei skal, eller som veit kva dei vil men som ikkje har bakgrunnen til det, anbefaler eg at dei tek kontakt med Noropp. Eit slikt tilbod er gull verdt for Nordfjord, seier Bruland.

Fleire lærlingplassar

Dei seinare åra har merksemda rundt mangel på lærlingplassar vore stor i media, noko som kanskje har vore ein faktor, saman med arbeidet opplæringskontoret har gjort, når det kjem til aukande tal på lærlingplassar her dei siste to åra.

– For to år sidan, då vi starta opp, var det til dømes ingen lærlingplassar for dei i salfaget her. No får dei som ønskjer det læreplass. Butikkane her i Nordfjord tek inn fleire lærlingar, fortel Solheim, før han legg til at industrien er eit anna felt som har byrja å ta inn mange fleire lærlingar etter eit par år med lågare tal på lærlingar.

– Då vi starta opp var det vanskelegare å skaffe seg lærlingplassar, men no er det nesten slik at dei som ønskjer å ha ein lærlingplass får dette, held han fram.

Berre no i år har dei på Opplæringskontoret nærare 55 nye lærekontraktar. Framover er dei heller ikkje i tvil om kva som er draumen.

– I løpet av det neste året håpar vi å bli fleire. No er vi to faste tilsette, men vi håpar å kome opp i fire i løpet av neste år. Draumen er å kunne ta inn ein lærling sjølv.