Det var ungguten Stian Øvergaard Aarvik (Kl 20-22 år) frå Kalandseidet som skulle vise seg sterkast då nokre av landets- og europas beste motbakkeløparar tok seg til Skålavatnet laurdag. Det var sterk vind på toppen av Skåla som setje ein stoppar for full distanse.

Aarvik vann på sterke  41.38, som berre er 11 sekund bak vinnartida då løpet måtte stoppast ved Skålavatnet også for to år sidan. Den gong grunna snø. Håkon Skarsholt frå Andebu var berre åtte sekund bak, medan franskmannen Johann Baujard vart tredjemann på tida 42.14. Beste lokale løpar i herreklassen vart Roger Lillestøl på 18. plass totalt med tida 49.57. Det gav også klassesiger i M45-49 år.

Beste kvinne vart tyske Michelle Maier. Ho brukte 52.01. Anita Iversen Lilleskare nummer to, eit drygt halvminutt bak. På tredjeplass kom italienske Camilla Magliano.

Avgjerda om å setje målgang ca 1.100 m.o.h. vart teken laurdag morgon, ca to timar før start, etter rapportar frå funksjonærar ved Skålatårnet som fortalde at det var krevjande å halde seg oppreist i den kraftige kastevinden. I prat med fleire av deltakarane var det full forståing for avgjerda, sjølv om dei helst skulle målt krefter til topps.

601 deltok i konkurranseklassane i år, i tillegg stilte ca 400 i trimklassen. Vêret må nok ta mykje av skulda for at berre tusen deltok i løpet som einskilde år har nærma seg det doble deltakartalet.