No er skulestarten rett rundt hjørnet, og for dei som skal studere til eksamen har Oddbjørn By fleire tips å kome med, slik at ein kan oppnå best mogleg resultat.

– Eg har tre punkt til studenten. Tipsa kan verke primitive, men har du kontroll på dette kjem du langt. Punkt ein er at det er umogleg å hugse alt. Då gjeld det å finne ut av kva som er viktigast, finne essensen. Vær kynisk, ingen kan hugse alt.

– Punkt to er at ein burde bruke ein strategi for å hugse. Å lese opp og opp igjen er sjeldan den beste måten å hugse på. Strategiar kan vere å komprimere pensum til eit notatark, lage eit tankekart eller liknande. Sjølv nyttar eg memorering eller hugseteknikk. Men prøv deg fram, ein må bruke det ein sjølv føler for.

– Til slutt punkt tre at ein bør bruke det ein hugsar fornuftig. Det held ikkje å berre skrive ned alt ein hugsar. Ein må kunne formulere det ein hugsar også på ein fornuftig måte. Så tren på å formulere gode svar. Mange studentar brukar all tid på å ta inn informasjon, men eksamen er ein test på å ta ut informasjon, fortel han.