Håkon Midthjell Gjørven (19)

Student

Gjørven, Stryn

– Kva opptek Håkon Midthjell Gjørven for tida?

– Akkurat no studerer eg på Lillehammer, der eg både går på skule og trenar skiskyting.

– Ferierer du?

– Ja, i år var eg ein tur til Rhodos i ei veke. Elles har eg jobba ganske mykje.

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– 19-åring vann Skåla Opp.

– Tips til ein regnversdag?

– Kle deg godt, enkelt og greitt. Elles kan ein lese ein god bok, eller Fjordingen.

– Favorittbadeplass?

– Dispeholmen!

– Badeshorts eller speedo?

– Badeshorts.

– Din sommarhit?

– «Sommarkroppen» av Mads Hansen.

– Kva les du om sommaren?

– Mest aviser eigentleg, artiklar om ulike ting. Det går veldig mykje i sport.

– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Det er jo veldig fint oppe på Hoven no då, med fine moglegheiter for alt mogleg, så eg trur eg tek dei med meg dit.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

– Eg må helse til familien, helse han farfar og alle dei andre.