«Skam»-oppfølgjaren «Lovleg» får premiere søndag 19. august, går det fram av ein trailer NRK P3 har lagt ut på nettsidene sine.

Den nettbaserte serien er bygd over same leisten som «Skam», men med handlinga lagt til Sandane og Firda vidaregåande skule.

– Hit og til andre tettstader kjem mange sekstenåringar for å gå på vidaregåande og bu på hybel. Den røyndomen, den har vi lyst til å utforske, sa P3-redaktør Camilla Bjørn da ho presenterte prosjektet for Kringkastingsrådet i mars, ifølgje avisa iTromsø.

– Serien skal lære ungdom at det går bra, sjølv om det går til helvete, sa Bjørn.

(NPK)