Ein mann i 20-åra har blitt frakta til Haukeland Universitetssjukehus i luftambulanse etter ein utforkøyring på Fv. 60 mellom Innvik og Utvik i morgontimane i dag.

Utforkøyringa skjedde i 80-sona på ei rett strekning mellom Innvik og Utvik.

– Bilen har køyrt av vegen og inn i ein fjellvegg, og der er store materielle skader. Politiet rykka ut etter tips frå forbipasserande, men føraren var ikkje på staden då politiet kom, fortel politibetjent Kurt Hammerø.

Då dei til slutt fann den angivelege føraren på bupel var han tilsynelatande lettare skadd.

– Ambulansen blei varsla, då det var snakk om ein kraftig smell. Mistenkte blei først henta av ambulanse, før han blei plukka opp av luftambulansen og sendt vidare til Hukeland Universitetssykehus for sjekk med tanke på indre blødningar, seier han vidare.

Politiet har mistanke om promillekøyring, og førarkortet blei beslaglagt. Det skal bli gjort ein blodprøve av den mistenkte.

Oppdatert: Haukeland univesitetssjukehus opplyser i ei pressemelding at mannen er alvorleg skadd.