Tine Camilla Rosenvinge ved helsestasjonen i Stryn, orienterte helse- og sosialutvalet om kva slags utfordringar helsestasjonen møter når nye nasjonale retningslinjer frå 2017 implementerast i arbeidskvardagen.

–  Vi utfører både heimebesøk og har helseundersøkingar på kontoret og utfører alt frå vaksinering til foreldreveileiingsgrupper. Vi har ofte periodar utan fast lege i tenesta og må basere oss på ulike vikarar, sa Rosenvinge som også peika på behovet for sekretær og å rekruttere nye helsesøstrer.

– Kommunen må legge til rette for vidareutdanning av helsesøstrer. Det er ikkje lett å rekruttere helsesøstrer slik mange kanskje trur, sa ho.

Inaktivitet og overvekt

– Kompetanseheving er viktig, spesielt når det gjeld ernæring og endringsfokusert vegleiing. Overvekt, fedme og inaktivitet er eit nasjonalt problem og ifølge folkehelseprofilen ligg Stryn over landsgjennomsnittet i visse årskull, informerte Rosenvinge som meiner slike problem krev samarbeid.

– Talet er altfor høgt i Stryn. Her må det kompetanseheving og kommunalt samarbeid til med både barnehage og barneskule, fastslo ho og la vekt på viktigheita av foreldrerettleiing for å styrke born sine oppvekstvilkår.

– Mellom anna vil vi planlegge temakveldar for foreldre for å utveksle erfaringar. Dess tidlegare ein kjem på bana dess betre, men det trengst ein betre tverrfagleg innsats, forklarte ho.

Auka tilgjengelegheit har gitt auka besøk

Rosenvinge kunne fortelje om auka besøk etter at helsestasjonen auka kontortida i skulen frå ein til to dagar i veka.

– Det viser at vi må vere der born og unge er, og eg er ikkje i tvil om at det er behov for det. Vi blir godt brukt, både av elevar og lærarar. Særleg er pågangen stor ved vidaregåande skule, sa Rosenvinge.

– Er det ein terskel for ungdom å ta kontakt med dykk, ville Jan Træen (Ap) vite.

– For nokre er det nok ein terskel ja. Det er som regel ved sms ungdom tek kontakt, seier ho.