Miljøvernleiaren tilrår 415 nye fellingsløyve i Stryn

Trass i rekordfelling i fjor, meiner miljøvernleiaren at det må skytast meir hjort skal vi få kontroll på den veksande hjortestammen i Stryn kommune.

Hjortemøte: Frå v. miljøvernleiar Odd Rønningen, leiar i hjorteutvalet, Jan Ove Hogrenning og Jørgen Langeland frå mattilsynet.  Foto: Inge Fænn

Alt tyder på at det blir felt for lite. Snittvekta går nedover både for vaksne hanndyr og vaksne hodyr

Odd Rønningen miljøvernleiar i Stryn
Nyhende

I eit administrativt vedtak i Stryn kommune går miljøvernleiar Odd Rønningen inn for å endre talet på fellingsløyve med 415 dyr fordelt på åtte av dei 11 bestandsplanane i Stryn kommune. Det kjem i tillegg til dei løyva som alt er der.