Rekord i Skarsteinsetra Opp?

Løyperekordhaldar Marius Vedvik, Gular, har meldt sin ankomst i Skarsteinsetra Opp. Det kan ligge an til ny bestetid laurdag.

Vann i fjor: Marius Vedvik (t.h.), Gular, vann Skarsteinsetra Opp i 2017.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Vedvik sette ein solid løyperekord i Kleiva Opp førre helg, og han er også innehavar av løyperekorden i Skarsteinsetra Opp. Tida 20.21 frå i fjor kan med andre ord stå for fall. Vedvik sette alle konkurrentane på plass, inkludert Johannes Thingnes Bø som måtte ta til takke med andreplass. Skiskyttaren vart klokka inn på 20.43.

4,6 kilometer

Løpet startar i Olden sentrum, og løypa er 4,6 kilometer lang med ei stigning på 400 høgdemeter. Dei første to kilometrane går på asfalt før det går over på grusveg og traktorveg. Det blir gjennomført både trimklasse og konkurranseklasse.

Tidlegare har det vore muleg å konkurrere også på sykkel, men grunna nye reglar for sykkelritt på veg vil det ikkje bli konkurranseklasse for sykkel i år, melder arrangøren.

Motbakkekonkurransen vart arrangert første gong i 2011.