"Eit kjempeproblem"

Turløyper Stryn avhengig av bankgaranti

Turløyper Stryn har søkt om kommunal garanti i høve lån til ny tråkkemaskin  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Turløyper Stryn AS skal investere i ny løypemaskin til ca. 4 mill. kr og har søkt kommunal garanti på 1.5 mill. kr. Saka skal handsamast av formannskapet onsdag med tilråding om avslag.

- Maskina skal betalast om ein månad. Får eg ikkje bankgaranti frå kommunen så har eg eit kjempeproblem, seier Arvid Hatledal i Turløyper Stryn AS.

I saksframlegget viser rådmannen til det langsiktige budsjettet til Turløyper Stryn.

- I Stryn kommune sine retningsliner for kommunal garanti, stiller vi krav om eit budsjett i balanse som kan dekke kostnadar ved låneopptak, og utan tilskot på mellom 550.000 - 650.000,- frå Stryn kommune vil ikkje budsjettet til Turløyper gå i balanse. Stryn kommune stiller krav om budsjett i balanse som kan dekke kostnadar ved låneopptak, skriv rådmannen.