- Må ryddast opp

Ulovleg forsøpling i strandsone på Flo
Nyhende

Miljøvernleiar i Stryn kommune, Odd Rønningen, varslar i eit brev til tre grunneigarar knytt til Oppigardsnausta på Flo om funn av søppel i strandsona. Rønningen skriv at kommunen er usikker på kven som har lagt søppelet der, men understrekar at forsøplinga er klart ulovleg etter ureiningslova.

- Dette må ryddast opp. Før vi fylgjer opp saka med formelle vedtak etter lovverket vel vi å berre gje ei orientering om dette i håp om at det vert rydda opp, skriv Rønningen.

Han legg til at det tidlegare er påtala ulovleg søppelhandsaming i dette området.