Politisk nøtt til kommunestyret

– Kva gjer Stryn kommune når snøen kjem og løypene ikkje blir tråkka? spurde Per Kjøllesdal (Sp)

Til kommunestyret Turløyper Stryn AS har søkt om at Stryn kommune stiller garanti for 1,5 millionar kroner i høve innkjøp av ny tråkkemaskin. Kommunestyret skal ta stilling til søknaden tysdag.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Turløyper Stryn AS har søkt om garanti frå Stryn Kommune på 1,5 millionar kroner til kjøp av ny tråkkemaskin med ein prislapp på 4 millionar kroner. Arvid Hatledal seier maskina må betalast 15. oktober.

– Om ikkje kommunen kan stille garanti har eg eit kjempeproblem, sa Hatledal til Fjordingen tysdag.