Kommunale vegar som kostar skogeigar dyrt

Økonomien i skogsdrift kunne vore endå betre i følgje skogeigar Eyvind Reme og skogbruksleiar Åshamar. Kommunale vegar som ikkje er klassifisert for meir enn åtte tonn kostar dyrt.

Fordyrande: Kommunale vegar, ofte frå 60-talet, er berre klassifisert for åtte tonn. Det betyr store ekstrautgifter i transport og omlessing av tømmer seier Kjell Magne Åshamar i Vestskog.  Foto: Roy Aron Myklebust

Eg trur reknestykket vil slå positivt ut for kommunen

Nyhende

– Det er eit generelt problem med kommunale vegar som ikkje tåler tyngda frå bilane, seier Åshamar. Ideelt sett treng dei vegar som er klassifisert til ti tonn og 19 meter vogntoglengde.

Skogeigar Eyvind Reme peikar på at dette også er tapte skatteinntekter for kommunen. Transportøren som stikk av med det såkalla kippe-tillegget er sjeldan lokal. Kippetillegg er kostnader knytt til ekstratransport og omlessing, at ein må bruke bilar med mindre lastekapasitet mellom hogstfelt og fylkesveg, og så lesse over på større bil før turen går vidare til kaia på Faleide.