Loen Skylift nominert til Reiselivsprisen

Nominert: Loen Skylift er blant dei nominerte til Reiselivsprisen 2018.  

Nyhende

Loen Skylift er ein av tre nominerte til Reiselivs-prisen 2018.

Loen Skylift er saman med Beitostølen Resort/Destinasjonskirurgene og Uteguiden AS nominert til årets Reiselivspris.

Publikum kan stemme

Publikum, som er ein del av juryen, kan fram til 21. oktober stemme på sin favoritt. I tillegg er det sett ned ein fagjury sett saman av Cathrine Pia Lund (direktør merkevara Norge), Inger Solberg (direktør berekraft) og Bente Bratland Holm (reiselivsdirektør) (alle Innovasjon Norge, Kristin Krohn Devold (adm.dir. NHO Reiseliv) og Line Endresen Normann (bransjedirektør Virke Reise Norge og kultur).

Reiselivsprisen blir delt ut i Oslo 7. november.