Kvinne i 50-åra funnen omkomen

Nyhende

Ei kvinne i 50 åra vart funnen død utandørs i Oldedalen natt til søndag.

- Alle naudetatane og folk frå Røde Kors var på staden etter at ho vart funnen, men livet stod ikkje til å redde. Politiet etterforskar saka på vanleg måte, opplyser politioverbetjent Lasse Trosdahl. Kvinna vert obdusert i dag.