Bolstad-pris for første gong

Fjelljomfestivalen i 2016: Her er det Tale Nyberg som er i sving med grunnøvingane under hallingkurset og dei andre ventar spent på sin tur.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Denne helga vert den nye Bolstad-prisen utdelt for aller første gong.

I samråd med etterkommarane er det vedteke å leggje ned Emil Bolstad-legatet. Dei resterande legatpengane vert overførte til ein konto som Fjelljom spelemannslag skal ha ansvar for. Ungdom i folkemusikkmiljøet er tenkt som mottakar av den nye Bolstad-prisen på 20.000 kroner.

- Det er ope for ungdom frå heile landet, men vi søkjer spesielt etter kandidatar frå nærområdet, seier Arne M. Sølvberg.

Den første mottakaren er allereie utpeika, og vil bli tildelt prisen under Fjellvarden-konserten laurdag kveld.

Fjelljomfestivalen blir i helga arrangert for femte gong. Primus motor Arne M. Sølvberg seier dei har von om finvêr denne gongen slik at Villmarkskonserten fredag kveld kan gjennomførast ute i naturen med musikk og dans kring bålet.

Laurdag føremiddag er det konsert ved Demmene ovanfor Sagedammen. Dette er ein konsert der temaet er Alfred Maurstad. Arrangørane opplyser at lærarane og artistane i år er i toppklassa innan folkemusikk. Unni Løvlid er ein av dei. Det vert kurs i runddansane, folkesong, hardingfele, fele og torader.