Raftevold i europacupkamp

E-cup: Oskar Raftevold og Førde Volleyballklubb spelar europacupkamp torsdag.   Foto: Elisabeth Viken (arkiv)

Nyhende

Oskar Raftevold og Førde VBK gjekk sigrande ut av duellen med Elias Lødemel og Topp Volley Norge i helga. Raftevold og kompani vann til slutt 3–0 over volleyballstudentane frå Topp Volley Norge. Settsiffera vart 25-9, 25–13 og 25–15 i favør sunnfjordingane. Innvikaren Oskar Raftevold var bra fornøgd med Førde-laget sin innsats.

– Det var gode settsiffer for vår del. Vi gjorde generelt lite feil, med høgt servetrykk. Det vart ei god oppkøyring til europacupkampen på torsdag, seier Raftevold til Fjordingen.

I kveld står ukrainske proffar på den andre sida av nettet for Oskar Raftevold og Førde, når Novator Khmelnytskyi er motstandar i CEV Cup. Det er første gong Førde deltek i denne cupen.

– Vi veit ikkje noko særleg om laget foreløpig, men vi har fått video frå nokre kampar som vi skal sjå i dag (måndag), seier Raftevold.

Førde ligg på sjetteplass i heimleg serie, det ukrainske laget ligg i skrivande stund på 4. plass i sin nasjonale serie.