Fannemel hoppar om NM-medalje

Normalbakke: Laurdag hoppar Anders Fannemel for medalje i Midtstubakken. Om han gjer sakene sine bra i NM ventar tur til verdscupopninga i Polen 17. november.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Hopparane er for lengst i gang med sesongen, og laurdag skal det kårast norsk meister i normalbakke.

I år er det i Midtstubakken det skal konkurrerast om NM-medaljar. Tidlegare i veka var det lite snø i bakken, og arrangøren melde at det høgst sannsynleg blir isspor i tilløpet, men at hopparane vil lande på plast.

Fannemel er klar

Honndølen Anders Fannemel seier til Fjordingen at formen er bra.

– Eg har hatt to-tre veker no med berre fysisk trening sidan bakkane er stengt om dagen. Sist eg hoppa hadde eg grei kontroll på hoppinga, så eg håpar at det fungerer i helga og. Vanlegvis er det bra for hoppinga med ei lita pause frå bakken. Alt går eigentleg etter planen, seier ein optimistisk Fannemel før den første alvorlege konkurransen for sesongen.

Fannemel har elles brukt mykje tid på å studere den polske hopparen Kamil Stoch i sesongoppkøyringa. Laurdag får vi dei første svara på korleis honndølen står i forhold til lagkameratane.