Person sikta for grov kroppsskade:

Mann frå Nordfjord funnen død i Praha

Kripos og Vest politidistrikt med hjelp frå lokalt politi bistår tsjekkisk politi i etterforskinga etter at ein mann frå Nordfjord vart funnen død i Praha i oktober.

- Tsjekkisk politi har pågripe ein mann og sikta han for grov kroppsskade, tjuveri og misbruk av bank-ID i samband med den døde personen, men vi har ingen detaljar om gjerningsbeskrivelse, seier Tore Salvesen, leiar for seksjon for etterforsking av drap, grov vald og seksuallovbrot i Vest politidistrikt  Foto: Politiet

Nyhende

- Mannen var på ferietur saman med ein annan person og vart sist høyrd og sett i Praha by 11. oktober kl 22.00 opplyser Tore Salvesen til Fjordingen. Salvesen er leiar for seksjon for etterforsking av drap, grov vald og seksuallovbrot i Vest politidistrikt.

- Politiet fekk saknamelding frå ein pårørande heime i Norge den 15. oktober. Vi har ikkje dato for når politiet i Tsjekkia fann mannen, men han vart funnen død ein plass i Praha.

Tsjekkisk politi har pågripe ein mann og sikta han for grov kroppsskade, tjuveri og misbruk av bank-ID i samband med den døde personen, men vi har ingen detaljar om gjerningsbeskrivelse, seier Salvesen.

Han opplyser at mannen som vart funnen død er heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Fjordingen er kjent med at mannen er busett i Nordfjord.

- Kva skjer vidare i saka?

- Vi har fått anmodning frå tsjekkisk politi om å foreta undersøkingar i Norge. Det betyr i praksis å avhøyre folk og leite etter opplysningar som kan belyse saka.

- Kor lenge skal mannen ha vore i Tsjekkia før denne hendinga?

- Det har vi ikkje detaljar om, men det var ein turistreise og han reiste saman med ein annan person.

Salvesen seier norsk politi må gå saman med tsjekkisk politi seinare om kva ein kan gå ut med av ytterlegare opplysningar. Politiet ventar og på å få kontakt med alle pårørande før dei vil gå ut med fleire opplysningar.

- Er dette ei drapssak?

- Vi snakkar om ein sak der ein person er funnen død, og ein person sikta for alvorleg kroppsskade. Det kan ende opp med å vere ein drapssak, men førebels forheld vi oss til det som tsjekkisk politi har orientert om, seier Salvesen.

Jonas Fabritius Christoffersen, kommunikasjonsrådgjevar i Kripos, opplyser til Fjordingen at Kripos vart kontakta av tsjekkisk politi via Interpol den 15. oktober.

- I samband med det har vi bistått med å identifisere ein norsk mann som vart funnen død i Tsjekkia. Vi har og bistått med å varsle dei pårørande i Norge.

- Kripos har fått forespørsel frå tsjekkisk politi om avhøyr av personar som er i Norge. Det vil bli gjort i løpet av kort tid. Og vi er førebudd på at det kan kome fleire forespørsler frå tsjekkisk politi.

- Blir saka etterforska som drapssak? - Det må tsjekkisk politi utale seg om.