Leivdal ordførarkandidat for Volda Ap

Andre ordførarkandidaten frå Hornindal: Sverre Leivdal frå Hornindal blir Volda Ap sin ordførarkandidat.  

Nyhende

Nominasjonsmøtet i Volda Ap har valt honndølen Sverre Leivdal som partiet sin ordførarkandidat for komande kommunvalperiode. Dette inneber at dagens ordførar, Jørgen Amdam, har takka nei til ein ny ordførarperiode. Dette kjem fram i ei pressemelding frå partiet.

Leivdal er dagleg leiar i Globalskolen AS / AV-senteret AS og har pendla mellom Hornindal og Volda sidan 2006. Han har tidlegare hatt to periodar som folkevald i Hornindal, men pga eit utanlandsopphald har han ikkje vore aktiv inneverande periode.

Hornindal og Volda Ap slo seg saman til Volda Ap i januar 2018. Leivdal vart då vald til leiar, og partiet har brukt året til å byggje ein god felles plattform fram mot det komande valet. Margrete Trovåg og Magnar Sunde, begge i kommunestyret for Volda Ap inneverande periode, følgjer på dei neste plassane.

Frå før er det klart at ein annan honndøl, Stig Olav Lødemel, er Høgre sin ordførarkandidat i nye Volda.