Steffen sletta rekordar frå 70-talet

15-åringen Steffen Melheim frå Olden IL stod for fleire store prestasjonar under det årlege kaststemnet på Loggane i Gloppen i helga.

Lovar godt: Steffen Melheim frå Olden IL imponerte stort under Loggane Open. Kastet han gjorde med seniordiskosen er det beste gjort nokonsinne i Norge av ein 15-åring.  Foto: Trygve F. Mjelde

Nyhende

Melheim prøvde seg med både 1kg, 1,5kg, 1,75kg og 2 kg diskos. Sistnemnde er seniorstorleik. Han sette personlege rekordar i alle klassane.