Jan Stian Raudi er eitt av mange talent Radio Stryn fostra

Vil mimre i jubileumssendinga

Allereie som barn elska Jan Stian Raudi å finne ut korleis ting fungerer, og som niåring fekk han styre teknikken i Radio Stryn. I helga er han i studio for å mimre.

Grunnlag: Jobbing ved miksebordet i Radio Stryn gav Jan Stian Raudi godt grunnlag for utdanningsvalet.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

– Fredagssendingane var artige. Det var spørsmål og innringing, og det var populært å kome på lufta. Ein gong var det så stor pågang at vi mista summetonen. Dette er eit av mange minne frå tida i Radio Stryn. Jan Stian Raudi fortel at det utover kvelden kunne bli stemningsfulle samtaler og ikkje alle var like klåre når dei kom gjennom.

- Ein av rollene for teknikken var å vere filter for kva som kom på lufta, forklarar Jan Stian Raudi som berre var ni år då han fekk prøve seg som teknikar ved miksebordet i Radio Stryn.