Skulebuss sklei av vegen - ingen skadde

Bussen sklei av vegen og står ute i grøfta. Ingen er skadde som følgje av uhellet.  Foto: Politiet

Nyhende

Skulebussen sklei av vegen på den kommunale vegen gjennom Nord-Markane torsdag morgon. I følgje politiet var det to born i bussen og ingen skal vere skadde. Borna som var i bussen vart henta av kjente som køyrde dei til skulen. Firda Billag sette opp ein mindre buss som køyrde resten av skuleruta.

Politibetjent Tor Egedahl er på staden og stadfestar overfor Fjordingen at det heile er udramatisk.

- Vegen er smal og bussen har sklidd uttfor vegbana og står i grøfta. Uhellet har skjedd på det flate paretiet mellom kraftverket i Dalane og oppstiginga mot Hatledal. Det er svært glatt på staden, seier Egedahl. Bussjåføren har forklart til politiet at han skulle bremse ned, og så sklei bussen ut av vebana. Det er ikkje grusa på staden.

Erling Briksdal, driftsassistent i Firda Billag seier at han varsla kommunen om behov strøing onsdag, og konstaterer at det ikkje er skjedd. Vegen gjennom Nord-Markane er periodevis svært glatt med blanding av snø og is. Under slike forhold bør det strøast.