Fannemel kvalifisert

Sveits: Anders Fannemel skal konkurrere i Engelberg i Sveits.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Etter at hopprenna i Tyskland førre helg vart avlyst måtte Anders Fannemel og co. ta ein ufrivillig pause frå konkurransane.

Fannemel fekk ein oppløftande 7. plass i Russland for 14 dagar sidan, og honndølen såg fram til verdscuprenn i Tyskland sist helg. Men mykje regn og høge temperaturar sette ein effektiv stoppar for dei renna.

Engelberg

Denne helga er hoppeliten i Engelberg i Sveits for å konkurrere om nye verdscuppoeng. Fannemel fortel om ei god treningsperiode, først med treningshopp på Lillehammer, og deretter i Vikersund.

– Vi har hatt ei bra samling no i Vikersund, og vi fekk mange hopp i normalbakken der. Formen verkar ganske bra, så eg føler meg klar, seier Fannesmel til lokalavisa.

Dersom Fannemel kjem seg heilskinna gjennom kvalifiseringa fredag blir det deltaking i dei individuelle renna laurdag og søndag. Fannemel ligg på ein 17. plass i verdscupen med 54 poeng. Ryoyu Kobayashi frå Japan er i tet med 420 poeng

Anders Fannemel er klar for rennet i Engelberg etter ein 27. plass i kvaliken fredag. Han var med dette fjerde best av dei norske. Ryoyu Kobayashi (Japan) vann kvalifiseringsomgangen.