Lokaloppgjer for Stryn

Terese Vik Nygård og Stryn møter Gloppen i lokaloppgjer søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn sine handballdamer i 3. divisjon møter naboen frå Gloppen på søndag, i det som er årets siste seriekamp for begge laga.

Stryn står med to strake eittmålssigrar etter thrilleravslutningar, 28–27 over Bjørnar og 26–25 over Kjøkkelvik, og må for ein gongs skuld finne seg i å stille som favorittar mot eit ungt Gloppenlag som har til gode å sanke poeng på sine åtte første kampar.

Med sine seks poeng på åtte kampar har Stryn fått eit lite pusterom til laga bak på tabellen, og med siger over Gloppen vil mykje vere gjort med tanke på å sikre plassen i divisjonen. Det er også berre eitt lag som rykkjer ned til 4. divisjon etter endt sesong.