Første del av NM på Liatoppen

Liatoppen: Erlend Bakken deltek på Liatoppen i helga.  Foto: Nordfjord Team Skiskyting

Nyhende

Sprint og fellesstart står på programmet når del 1 av NM i skiskyting går av stabelen på Liatoppen i helga.

Nordfjord stiller ein stor tropp til arrangementet, som også inneheld renn i norgescupen.

Påmelde løparar frå Nordfjord Team/landslinja ved Stryn vgs:

Maria Sleire Tistel (Vik), Jens Henrik Hegg (Vik), Oselie Henden (Eid), Ask Haughovd (Stårheim), Bendik Vereide (Stårheim), Ingrid Heggen (Stårheim), Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg), Sivert Raddum Skaug (Tretten), Torjus Engeset Woldsund (Volda), Martin Åland (Hardbagg), Magnus Midthjell Gjørven (Markane), Magnus Iver Seljeset (Hornindal), Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane), Anne Marie Roset (Markane), Aksel Mathias Meland (Markane), Håkon Midthjell Gjørven (Markane), Isak Hopland (Hardbagg), Erlend Bakken (Markane), Johan Eirik Meland (Markane).

I tillegg stiller Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø frå landslaget og Markane, Vegard Skrede (Hardbagg/Team Gladlaks) og Johan Olav Smørdal Botn (Stårheim), opplyser John Roger Meland i Nordfjord Team.