Siste renn i hoppveka:

Fannemel kvalifiserte seg

Siste renn: Anders Fannemel kvalifiserte seg til det siste rennet i hoppveka.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel  kom seg gjennom dagens kvalifisering og er klar til det siste rennet i hoppveka. Rennet i Bischofshofen går søndag ettermiddag og kveld.

Fannemel landa på 125 meter, og kvalifiserte seg som 28. mann. Honndølen landa på same lengde i treningshoppet.

Grunna kraftig snøfall i Bischofshofen i går måtte arrangøren flytte kvalifiseringa til i dag.

Ryoyu Kabayashi frå Japan leiar hoppveka framfor Markus Eisenbichler, Tyskland, og Andreas Stjernen, Norge, før det heile skal avgjerast. Anders Fannemel ligg på ein førebels 24. plass samanlagt.