- Vi er klare til å ta imot amerikanarane

Forventar omtalen i New York times vil vekke meir interesse

- Vi forventar at denne omtalen vil vekke interessa for norsk bryggekultur og tradisjon ytterlegare, seier Gard Mek (i midten), ein fornøgd kontaktperson for Norsk Kornølfestival i Hornindal. Her flankert av ølbryggjarane Jørund Geving og Reimund Geving frå Stjørdal, som vann prisen for beste øl i 2017. (Arkivfoto)  Foto: Privat

Nyhende

Norsk Kornølfestival i Hornindal set stor pris på å bli nemnd i den eksklusive reiseomtalen i The New York Times.

– Det er gledeleg at norsk gardsbrygging og ølkultur blir sett på kartet. Interessa viser også kor unik vår eigen ølgjær kveik er. Kornølfestivalen er glade for at vi kan skape interesse og entusiasme rundt det unike produktet som kornøl er. Norsk Kornølfestival vil halde fram dette arbeidet, og vi forventar at denne omtalen vil vekke interessa for norsk bryggekultur og tradisjon ytterlegare, seier Gard Mek, ein fornøgd kontaktperson for festivalen.

- Vi er klare til å ta imot amerikanarane, legg han til.