Stabile fødselstal:

Nøyaktig 500 fødde

(Møre-Nytt): Nøyaktig 500 born vart fødde på sjukehuset i Volda i fjor.

Ny leiar: Frå nyttår tok Gunvor Bergem Lia over som seksjonsleiar for føde, barsel og gyn på Volda-sjukehuset.   Foto: Rune Sæbønes

Nyhende

Seksjonsleiar for føde, barsel og gyn på Volda-sjukehuset, Gunvor Bergem Lia, er godt nøgd med fødselstala.

– Ja, vi er veldig glade og nøgde over tala. Vi trudde at 2017 var toppåret, men vi fekk veldig gode tal også i fjor, konstaterer Bergem Lia.

I 2017 vart det fødd 509 born på Volda-sjukehuset, i fjor vart det fødd altså berre ni færre.

78 frå Nordfjord

– Volda sjukehus held posisjonen, og vi er den nest største fødeseksjonen i helseføretaket, og har fleire fødslar enn sjukehusa på Molde og i Kristiansund, fortel Bergem Lia.

I mange år har fødselstala i Volda lege oppunder 500 fødslar. Toppåret var i 1991 då 518 born kom til verda på det som då heitte fødeavdelinga i Volda.

78 av borna som vart fødde i Volda i fjor kom frå Nordfjord. Dette handlar om mødrer som bur i indre og nordre Nordfjord, i kommunar som Hornindal, Stryn, Eid og Vågsøy.

Vel barseltid på Eid

– Mange av nordfjordingane som føder i Volda vel å ta barseltida på sjukehuset på Eid, fortel Bergem Lia.

Tilbodet på Eid heiter God Start og gjeld barselopphald for mor og barn som ikkje har trong for medisinsk oppfølging. Det er gynekolog eller barnelege ved fødestaden som vurderer når mor og barn kan flyttast til Nordfjord sjukehus for barselopphald.

18 jordmødre

Seksjonen for dei fødande ved Volda-sjukehuset har i alle år hatt eit svært godt rykte. Kvalitetstala er framleis gode.

– Ja, vi ligg godt an i høve kvalitetstala, og kvaliteten på tenestene våre vert vurdert som veldig gode, noko vi jobbar mykje med, fortel Bergem Lia som sjølv er jordmor.

Ho er leiar for ein seksjon med god rekruttering. Seksjonen har 13,75 stillingsheimlar for jordmødrer og 5,75 for barnepleiarar. Dette fordeler seg på 18 jordmødre og 7 barnepleiarar. I tillegg kjem to sekretærar.

Frå nyttår vart Gunvor Bergem Lia ny seksjonsleiar, og tok over etter Haldis Nilsen som no har pensjonert seg etter heile tretti år som leiar for «føden».

– Vi som jobbar her vil rette ei stor takk til Haldis for lang og tru teneste, seier Bergem Lia.

Saka vart opprinneleg publisert i Møre-Nytt