Vil diskutere ferdselsrestriksjonar for Breng

Kommunen jobbar med å finne løysingar for å unngå kaoset og forsøplinga ein opplevde i Lodalen i fjor. Ferdselsrestriksjonar kan vere eitt av grepa.

Villcamping: Restriksjonar for ferdselen ved Breng er mellom tiltaka ein skal diskutere i møte med grunneigarane neste veke. I fjor sommar var vill-camping i Lodalen, og tilhøyrande forsøpling, eit stort problem.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Dette kom fram i formannskapsmøtet denne veka då miljøvernleiar Odd Rønningen og plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal orienterte om status i det pågåande arbeidet.