Innkjøpsprisen redusert etter nyttår:

Overproduksjon av mjølk i fjor

Mjølkeproduksjonen i fjor var på 27,4 millionar liter meir enn Tines prognosar. For å hindre meir overproduksjon, blir innkjøpsprisen kutta.

Overproduksjon av mjølk i fjor, førte til at innkjøpsprisen vart redusert med fire øre per liter frå 1. januar. (Illustrasjon)  Foto: Arkiv

Nyhende

Leveransane av kumjølk i 2018 vart 1.520,4 millionar liter. Dette er 26,5 millionar liter meir enn i 2017, skriv Tine på medlemssidene sine. Det er særleg i dei siste fire-fem månadene av året at produksjonen vart betydeleg høgare enn prognosane tilsa, skriv Nationen. Til saman vart det produsert 27,4 millionar liter meir enn det Tine hadde anslått.

Etter tørkesommaren fekk mange bønder utnytte større delar av kvotane sine. Det førte til overproduksjon og at mjølkeprodukt hamna på lager.

Før jul vart det klart at prisen bøndene får for mjølka skulle kuttast frå nyttår, for å motverke framleis overproduksjon. Frå 1. januar er prisen redusert med 4 øre per liter. Det er første gong staten kuttar mjølkeprisen midt i eit avtaleår, men frå andre halvår, stiller dei igjen med blanke ark.

– Då skal vi gjere ei ny vurdering, sa seniorrådgjevar Lars Folland i Landbruksdirektoratet til avisa før jul.

(©NPK)


Bildetekst tc5e97a8:

Etter tørkesommaren vart det overproduksjon av mjølk på hausten. No blir prisen kutta for å unngå meir overproduksjon. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK