Strålande jaktstart av Johannes

Johannes Thingnes Bø viste at han takla både snøkave og vind i Oberfhof.  Foto: Ragnar Singsaas Photography

Nyhende

Johannes Thingnes Bø gjekk ein strålande jaktstart i vind og skikkeleg snøkave i Oberhof i ettermiddag.

Det var ein bestemt Bøar som alt på første sløyfa sette opp farten og tok opp jakta på gårsdagens vinnar Loginov.

Med fullt hus på første liggande kunne Johannes gå ut i tet. Storebror Tarjei, som starta som nr. 8, fekk ein bom på første skyting, men heldt seg framleis i topp 10.

Martin Fourcade var tilbake med høg fart i sporet, og med fullt hus på første skyting gjekk han ut som nummer tre. Etter andre skyting, der begge bøarane, Loginov og Fourcade fekk ei strafferunde kvar var stillinga uendra for dei tre i teten, men franskmannen tok kraftig innpå russaren i sporet.

På tredje skyting vart det ei ny strafferunde for Johannes, medan Martin Fourcade skaut fullt. Loginov var no ute av bildet med to strafferunder, medan Johannes Thingnes Bø smatt ut i front rett framfor Martin Fourcade. Dermed vart det uhyre spennande inn til siste skyting, der dei to kom likt. Johannes imponerte stort i vind og snødrev med å vinne duellen. Medan Fourcade måtte gjennom to strafferunder, vart det berre ein bom på Johannes, som kunne gå ut i einsam majestet på sisterunda. Arnd Peiffer, Tyskland og Lukas Hofer, Italia imponerte begge på standplass (1-0-0-0) og (0-0-0-0) og gjekk ut på 2. og 3. plass, 8 og 9 sekund bak, for å ta opp jakta på bøaren. Men Markane-løparen gjekk ei knusande sisterunde og hadde nesten dobla avstanden ned til Peiffer og Hofer i mål.

- Johannes har blitt ein kompeltt skiskyttar. Det er heilt fantastisk, den jobben han har gjort på skytinga, sa ekspertkommentator for NRK, Halvard Hanevold, etter målgang.

Tarjei, som skaut fullt på første ståande, måtte ut i to strafferunder etter siste skyting, men gjekk i mål til ein solid 13. plass. Martin Fourcade enda

Tarjei Bø har hatt to solide dagar i Oberhof med ein 8. og ein 13. plass.  Foto: Ragnar Singsaas Photography

som nummer 4.

Johannes Thingnes Bø styrka dermed stillinga si i verdscupen ytterlegare. Han leier no cupen framfor Alexander Loginov og Martin Fourcade, 130 poeng framfor Loginov og nøyaktig 200 poeng framfor Fourcade.